Avansert workshop i synch og publishing

Fredag 13. november blir det heildags workshop i lisensiering av musikk til film, TV og reklame i forkant av Blest i Høyanger. Foredragshaldar er Goran Obad fra Ohlogy.

Målgruppe
Workshopen er for plateselskap, artistar eller andre som sit på master- og/eller opphavsrettigheitar, og som ynskjer å tre inn i synch-markedet.

synch_hoyanger_2015

Program:
12:00-12:45 Kva rettigheitar har eg med mine åndsverk
Korleis forvalte og organisera rettigheitar.

13:00-14:00 Korleis tene pengar på rettigheiter
Lisensiering av musikk kan skje til mange område. Her tek me føre oss forskjellige område og kva du kan forventa.

14:00-14:30 Pause

14:30-15:15 Verden sett fra film-, TV- og reklamebransjen

  • Kva er music supervisors, AV-produsenten og reklamemannen på jakt etter?
  • Korleis kjem eg i kontakt med music supervisors?
  • Kva gjer min katalog attraktiv?

15:30-16:00 Oppsummering

 

Påmelding

Påmelding på Blest sine nettsider.

Ta kontakt med ditt regionale kompetansesenter for avtale om eventuell reisestøtte.

Les meir om Blest 2015 og kursprogrammet

Comments are closed